Sunnfjord næringspark
– ein attraktiv stad for etablering

Sunnfjord Næringspark er ein av dei mest spennande næringssatsingane på Vestlandet – strategisk plassert ved E39 midt i regionen og med kort veg til både Bergen og Ålesund. Her får du ei framtidsretta lokalisering som gir verksemda di optimale vilkår for vekst, effektiv drift og grøn utvikling.

Sentral plassering ved E39 og fly til Oslo på 55 minutt.

Enkelt å velje grønt, t.d. eigen straumproduksjon med solceller.

Kraftknutepunkt midt i parken – utnytt overskotskrafta i NO3.

Sunnfjord kommune har 23 000 innbyggjarar. Som vertskommune for fleire direktorat, høgskule og fagskule, sentralsjukehus, fylkeskommune, bank og forsikring, kan Førde vise til høg grad av kompetansearbeidsplassar.

Sentralt og framtidsretta

Sunnfjord Næringspark er plassert i det mest folkerike området i Sogn og Fjordane, og ligg sentralt ved E39/Rv5 – midt mellom Bergen og Ålesund – og Florø – Sogndal. Fv613 mot Balestrand går også forbi næringsparken.

Kommunikasjonen til omverda er rask og enkel, anten ein reiser med bil, buss eller fly. Flytida Bringeland-Gardermoen er cirka 55 minutt med 5 direkteavgangar i døgnet kvar veg.

Neste steg

Første byggetrinn av Sunnfjord næringspark vart opna i 2020. Her er alle tomter selde, og mange verksemder alt etablert. Målet er at neste byggetrinn skal vere klart hausten 2027. Det er vedteken ny detaljreguleringsplan i mai 2026.

Næringsparken tilbyr store, fleksible og ferdig tilrettelagde tomter – klare for rask etablering. Enten du driv industri, logistikk, teknologi eller service, finn du areal som kan tilpassast dine behov.

Med gode prisar og ein næringspark utvikla etter sjølvkostprinsippet, får du høg verdi for investeringa – utan å gå på kompromiss med kvalitet eller infrastruktur.

Heile parken med grøntareal vil vere på 300 dekar medan den opparbeidde delen om lag 200 dekar.

Moskog – kraftknutepunkt midt i næringsparken

Sunnfjord Næringspark ligg like ved Moskog Transformatorstasjon og har ein gunstig plassering for å utnytte den tilgjengelege overskotskrafta i NO3.

Elva Jølstra som renn rett gjennom næringsparken, legg samstundes grunnlaget for Jølstra kraftverk som ligg ved næringsparken. Kraftverket produserer 252 GWh. Med transmisjons- (420 kV) og regionalnettet (132kV) er Moskog er eit av dei største kraftknutepunkta i landet.

Det skal vere enkelt å velje grøne løysingar

Plasseringa av parken gjer det òg attraktivt å sjå på eigenproduksjon av straum og varmtvatn ved å sette opp solceller og utnytte termiske energikjelder, vatn frå elva Jølstra, uteluft og energibrønnar. Sunnfjord næringspark er delvis opparbeida på masser som er tatt ut i samband med bygginga av Jølstra Kraftverk. Under området går utløpstunnelen frå kraftverket, vatnet vert leia tilbake til Jølstra like før Movatnet. Vi har derfor sett på muligheiten til å utnytte vatnet i denne tunnelen til kjøling, for å utnytte meir av potensialet i elva utan å utføre nye naturinngrep.

Gjeldande reguleringsplan

Map

Kvifor velje Sunnfjord Næringspark?

  • Strategisk plassering ved E39 – midt i Vestland
  • Sterk tilgang på kraft og grøn energi
  • Moderne, fleksible og byggjeklare tomter
  • Attraktive vilkår og gode etableringsløysingar
  • Nærleik til kompetanse, arbeidskraft og viktige marknader

Sunnfjord Næringspark er staden der idear kan vekse og verksemder kan utvikle seg i takt med framtida. Ta kontakt med oss – vi hjelper deg med å realisere dine planar.

Ta kontakt

Ønsker du meir informasjon eller å diskutere moglegheitene for å bli ein del av næringsparken? Ta kontakt med ein av våre kontaktpersonar nedanfor for skreddarsydde løysingar som møter behova dine. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Bente Kristin Grønsberg Aase

Salsansvarleg og dagleg leiar i Sunnfjord Tomteselskap

Ole John Østenstad

Prosjektleiar Sunnfjord Næringspark

Arne Ekreskar

Anleggsleiar